Han har vore solist med fleire kjente kor og orkester i både inn- og utland, blant anna Kringkastingsorkesteret, TrondheimSolistene, Schola Cantorum og SWR Vokalensemble. 

I 2019 vart Bjørn Kåre kåra til Årets folkemusiker under Folkelarm, og her er juryens begrunnelse:

Årets folkemusiker er av det særs allsidige slaget. Med virke som både komponist, musikar og skodespelar har vedkomande hatt sitt virke på alt frå ungdomshus til teatersalar dei seinaste åra. Han (...) er ein svært akta spelemann innafor både gamaldans og slåttsespel og representerer dalføret sitt med bravur på både landskappleikar og landsfestivalar. Han har det seinaste året stått heilt eller delvis bak tre tingingsverk, komponert musikk for kor og sitt eige instrument fele, medverka på fem plateutgjevingar og vore nominert til prisar både som musikar og komponist. Prisvinnaren (...) er på toppen av alt dette musikalsk leiar av Lom spelmannslag og leiar i Gudbrandsdal folkemusikklag og har vore aktiv i folkemusikkmiljøet i heimbygda Garmo sidan han var liten. 

I 2021 lanserte han albumet Folk Chamber som består av hans eigne komposisjonar arrangert for stryk. For denne plata fekk han Folkelarmprisen i Åpen klasse, og her er juryens begrunnelse:

Årets vinnar av Folkelarmprisen i kategorien Åpen Klasse er eit album som slår deg av beina – nesten frå første augeblikk! Ein dristig og kapabel musikar står i spissen for dette levande og medrivande samspelet. Ikkje berre som bidragsytar på to ulike instrument, men og som komponist for alle låtane. Musikken er fort og sakte, feiande og melankolsk, lattermildt leiken nokon stader og langsamt undrande andre stader; det er vals og vise, marsj og polka og mykje meir – og heile vegen i raffinerte og gjennomtenkte arrangement der medmusikarane får boltre seg saman med solisten. Skjønnheita i kvar einaste komposisjon blir hjelpt vidare av glimrande lyd og ein prikkfri produksjon. Eit lødig og allsidig album som kjem til å setje spor etter seg og ikkje minst bli teke i bruk av andre musikarar!


Wikipedia Melovitten