Årets vinnar av Folkelarmprisen i kategorien Åpen Klasse er eit album som slår deg av beina – nesten frå første augeblikk! Ein dristig og kapabel musikar står i spissen for dette levande og medrivande samspelet. Ikkje berre som bidragsytar på to ulike instrument, men og som komponist for alle låtane. Musikken er fort og sakte, feiande og melankolsk, lattermildt leiken nokon stader og langsamt undrande andre stader; det er vals og vise, marsj og polka og mykje meir – og heile vegen i raffinerte og gjennomtenkte arrangement der medmusikarane får boltre seg saman med solisten. Skjønnheita i kvar einaste komposisjon blir hjelpt vidare av glimrande lyd og ein prikkfri produksjon. Eit lødig og allsidig album som kjem til å setje spor etter seg og ikkje minst bli teke i bruk av andre musikarar!