Årets folkemusiker er av det særs allsidige slaget. Med virke som både komponist, musikar og skodespelar har vedkomande hatt sitt virke på alt frå ungdomshus til teatersalar dei seinaste åra. Han (...) er ein svært akta spelemann innafor både gamaldans og slåttsespel og representerer dalføret sitt med bravur på både landskappleikar og landsfestivalar.

Han har det seinaste året stått heilt eller delvis bak tre tingingsverk, komponert musikk for kor og sitt eige instrument fele, medverka på fem plateutgjevingar og vore nominert til prisar både som musikar og komponist.

Prisvinnaren (...) er på toppen av alt dette musikalsk leiar av Lom spelmannslag og leiar i Gudbrandsdal folkemusikklag og har vore aktiv i folkemusikkmiljøet i heimbygda Garmo sidan han var liten.